3. jan. 2020

2019 i tolv bilete

Tenkte eg skulle oppsummere 2019 med tolv bilete, akkurat slik eg har gjort for dei fire andre føregåande åra. I fjor byrja eg året med å vere utan jobb, men det tok ikkje lang tid før eg fekk jobb i den nyrenoverte svømmehallen midt i byen. Når det gjeld reiser og feriar, hadde me eit mål om å ikkje fly, og det klarte me utan større problem. Me drog ikkje på ein så lang tur som i 2018 då me var i Canada, men ferie i Sverige og på finaste Gotland var like bra. Tur-retur Hurtigruten for å besøke svigers og togtur to gongar til Oslo for å sjå musikalar er også noko eg ser tilbake med glede på. Når eg ser biletearkivet frå i fjor, har me fått gått mange turar, eg har lese ein heil haug med kjekke bøker, film- og brettspelkveldar med gamle og nye vener, eit par konsertar med orkesteret og mykje, mykje meir. Alltid vanskeleg å prøve å oppsummere eit heilt år, 365 dagar, men eg skal prøve. Januar: allereie i den fyrste månaden kom det som står igjen som eit av høgdepunkta i 2019, nemleg Ennio Morricone-konserten. Den kom heilt i slutten av månaden, aller fyrst var det eit vink til den nye månaden, tur i nærområdet, leggje ferdig eit puslespel, lese Howards End som den fyrste klassikaren, rive badet, bu på Sola pga. oppussing av badet, Zalo, snø, sundagsvaflar hos eit venepar, brettspelkveld, tog til Oslo for å høyre Morricone og besøke slekt der me las, spelte spel, gjekk på skøyter, koste med ein katt og fortsetje miniferien med å reise til svigers der det var snø.


Februar: hos svigers me var innom Kyrkjetorget, las endå meir, eg fekk vite at eg hadde fått jobb, solnedgangen på Sjøholt, reise med Hurtigruten på veg heim, komme heim til nyoppussa bad, sjå miniserien Les Miserables, sundagstur opp til Ullandhaug og den økologiske garden, snøklokker, vere korpsinstruktør på eit seminar, sjå Grease live i DNB Arena, ny brettspelkveld, tur ute ved Lervig og Ramsvik og ein tur til fots fram og tilbake byen i lag med ei god veninne.


Mars: sjå eit par av dei gamle Miss Marple-filmane, leggje endå eit puslespel, siste sesong av Downton Abbey for andre gong, fleire snøklokker og andre vårteikn, lese Korfu-trilogien av Gerald Durrell, finne eit par bra bøker på Løvås bruktbu, byrje i ny i svømmehallen, tur i Sørmarka der me såg ein raudstrupe, tur til Bergen saman med dei nye kollegaene, gode bøker (blant anna Koke bjørn og Endless Night) og lage ferdig tre fotobøker.


April: bursdagste og bok (og den teen er blitt ein av mine absolutte favorittar), kaffidate med ei god veninne på Ostehuset, årets fyrste orkesterkonsert, knallrosa soloppgang på veg til jobb, opning av svømmehallen, feire mammas sekstiårsdag, mykje jobb i påska før det så blei nokre dagar oppe på hytta med fugl, hund, fine folk, brettspel og hygge, lese ute på balkongen med sola i andletet og utdrikkingslag for ei veninne.


Mai: starte månaden med fem fridagar og hyttetur, fortsetje å låne og lese kjekke bøker, sykle forbi dei vakre blometrea, jazzkonsert i konserthuset, mimring om Anne of Green Gables og tilbakeblikk på Canadaturen, tur opp til Ullandhaug der me helste på esel, sauar og små grisar, det obligatoriske bunadsbiletet på nasjonaldagen og sidan feire dagen i lag med ein herleg gjeng, My Brilliant Friend på HBO, få besøk av ein finfin katt på balkongen (og den stakk innom fleire gongar) og fire år som mann og kone.


Juni: stikke ein tur til Oslo med tog i lag med ei veninne for å sjå The Book of Mormon for tredje (!) gong, miniserien Good Omens, orkesterkonsert, ete på Kronen Gaard og etterpå gå tur opp til Dalsnuten, såg ei utstillig på kunstmuseet, bursdagsmiddag for mannen min på Jordbærpikene, tur opp til Bynuten i lag med eit venepar, fortsetje å lese ei Christie-bok i månaden, NM-veka på jobb (undervannsrugby) og middag ute med familien for å feire to bursdagar og ein innlevert master.


Juli: bu i huset til eit venepar to dagar medan dei skifta vindauga i leilegheita vår, sommarregnet, kafébesøk (seier aldri nei til det), vassglas med Mummimotiv, treffe fleire av veninnene mine, tekst om den fyrste sommaren han og eg delte, sitje ute på balkongen i sommarsola med ei bok fanget, lese Good Omens, herleg tur rundt Stokkavatnet der fuglane sat på rekkje og rad, grilling med dei i blokka og kjøpe bringebær lokalt frå ein gard i nærleiken.


August: to veker i Sverige der me besøkte Astrid Lingrens barndomsheim, reiste med tog, budde i ei hyttetønne på ein campingplass og besøkte mange flotte stadar på Gotland, las mange bøker, ei veke med vedlikehaldsarbeid på jobb, besøke ein kollega etter jobb, ein tur ut til Engøy for å vere med på ein bursdags- og innflyttingsfest og tandemdresin på Ålgårdbanen.


September: lese Kalvøs morosame Hyttebok frå helvete, blogge om Sverige og Gotland, togtur til Oslo for å sjå The Sound of Music på Folketeateret, besøke Vigelandsparken for fyrste gong, lese fleire bøker av Rainbow Rowell, korpsseminar, endå eit kafébesøk med ei veninne, Eventyrlig oppussing, sjå den fyrste HP-filmen på storskjerm medan SSO spelte filmmusikken live, ete sundagsmiddag ute på balkongen, tur opp til Sunnmøre med leigebil (fyrst Bergen og så Hurtigruten til Ålesund), aller siste episode av Poldark og sesongfinalen av Mindhunter, gåtur i nydeleg haustvêr, Kyrkjetorget, vere i lag med tanteungane og Toy Story 4 på kinoen på Moa.


Oktober: ein siste solnedgang på Sjøholt for denne gong, reise heim til Stavanger med Hurtigruten, innom NMS Gjenbruk og Norwegian Outlet på Ålgard, knallfin tur i Rogaland Arboret, meir om ferien me hadde i august, spele "The Imperial March" på trombonen frå 5-meteren på jobb, gå til seinvakta på jobb, alle haustfargane ute, vere med heim til ein kollega etter jobb der me åt middag, helste på hønene ute i kjøkkenhagen og prata mykje, kafédate i lag med to veninner som eg ikkje ser ofte nok, pizza og småprat på jobb med kollegaer, hyttehelg og pusle Eiffeltårnet i miniformat.


November: travelt med Nordjøstevnet, morgonfrost på dei gylne haustblada, besteste Eides språksjov, teste ut ein ny kafé og så sjå musikalen Jesus Christ Superstar saman med ei barndomsveninne, filmkveld her heime i lag med to kollegaer, kveldstur i eit nydeleg lys, brannvernkurs, passe ein førarhund på jobb, kulaste puta, lese ut den siste boka om Neshov-folket, byrje å skrive årets julekort og besøke ein kjempebra julemarkand tvers over vegen.


Desember: kose oss med puslespel og teadvetskalender, få spontanbesøk av herlege folk, det nye albumet til Laurence Fox, julemusikk på full guffe, morgonveke på jobb med ordentleg produktive dagar, følgje med på Snøfall, lese mange julebøker, veldig kjekk julekonsert i lag med orkesteret, elleve år som kjærastar, julekakebaking saman med broremann, invitere to fine kollegaer hit på julekaker og Love Actually, sjå sesongfinalen av Endeavour, filmane It's A Wonderful Life og Knives Out på kino, treffe mange fine vener både i førjulstida og i romjula, feire jula heime på Sola, strandtur andre påskedag, lese endå meir og til slutt kjekk feiring av nyttårsaftan.

Legg igjen ein fin tanke