12. jan. 2020

Fem tidlege morgonar

Kvardagen er her igjen, og det har vore ei veke med morgonskiftet på jobb måndag til fredag. Fri no i helga og byrjar ikkje på jobb før kveldsskiftet på onsdag. Sjølv om eg ikkje liker å stå opp halv seks (halv fem ein av dagane), har det gått greitt og veka har gått fort. Elles har eg lese litt kvar dag, me var på konsert på onsdag og i går var eg på besøk hos eit venepar i fleire timar. Det har sånn sett vore ei akkurat passe roleg veke, i mine auge i alle fall. Om ikkje så altfor lenge kjem me til å setje på Maestro på TV-en, for eit artig program. Før den tid er det på tide å dele vekas høgdepunkt:

✦ varmt og gyllent lys gjennom skogen ein av dagane på veg heim frå jobb
✦ så gøy å sjå på Maestro, me ler og me ler og me ler
✦ Loulou og dei seks kvalpane hennar – så innmari søte og fine
✦ Over horisonten av Jojo Moyes, ei bok med sterke kvinnekarakterar og ei bra historie
✦ tinge tur til Trondheim i samband med NM janitsjar
✦ byrje å sjå den sterke miniserien Chernobyl på HBO
✦ høyre "Kamilla og Sebastian" to gongar på radioen i løpet av dagane på jobb
✦ og songen "Superstar" frå Jesus Christ Superstar på P9 Retro i dag tidleg
✦ Cantus med songen "Vuelie", dette er ein slik song eg kan høyre om og om igjen
✦ frosten på bakken
✦ oppsummere fjorårets bokår
✦ dei beste opningsscenene i Christie-bøker
✦ kanskje ikkje julestemning, men ei lun vinterstemning i Gamle Stavanger
✦ kjekt at My Piece of Wood reposta innlegget som eg delte på Instagram
✦ kjempebra nyttårskonsert med SSO, artig konferansier og dyktige solistar og dirigent
✦ søt og akkurat passe romantisk bok: Josh & Hazel's Guide to Not Dating
✦ må småhumre litt av denne A Very Potter Musical-saka
✦ besøke eit venepar i går, med kaffi og noko attåt, mykje prat, latter og kulaste "Kortskalle"
✦ sjå den fine filmen Chariots of Fire med musikk av Vangelis

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Kjempefin søndagsliste, som vanlig ;) Jeg elsker Kamilla og Sebastian, og Vuelie er bare SÅ fin. Er du ikke enig med meg at du hører "Deilig er jorden" inni deler av den? Jeg hørte det med én gang jeg så Frozen for første gang. Dere er forresten så flinke til å spille brettspill. Jeg elsker det, men det har dessverre blitt mindre av det de siste årene. Kanskje det får bli et slags nyttårforsett for 2020. Spille mer brettspill ;) Vi så Chernobyl ganske raskt etter den kom ut, og den er veldig bra. Men det er også litt spesielt å se på den siden dette er noe som faktisk har skjedd i virkeligheten (selv om serieskaperne har tatt seg visse friheter), og at sjansen for at noe lignende skal skje igjen er til stede. Men man må jo bare håpe at det ikke gjør det. Ønsker deg en finfin uke fine du ♥

Silje sa...

Besteste deg! :) Når det gjeld "Chernobyl", har eg nettopp lese boka "Bønn for Tsjernobyl" med fleire intervju av dei som stod midt i det heile. Det er også grunnen til at eg no ser serien, for som deg kjenner eg på at det er skummelt og rart at dette faktisk har skjedd. Kanskje er det litt "Deilig er jorden" i "Vuelie" ;) Brettspel er så kjekt, blir alltid så god stemning, mykje lått og løye! Håper du også får ei finfin veke ❤️

Legg igjen ein fin tanke