5. nov. 2019

Vigelandsparken

Joda, eg har vore nokre gongar i Oslo opp gjennom åra, men det var fyrst for to månadar sidan at eg besøkte Vigelandsparken for fyrste gong. Parkens offisiell namn er "Frognerparken og Vigelandsanlegget", men det er ikkje ofte ein seier det. Parken er ein skulpturpark på 320 mål, og det er Gustav Vigeland som har laga parken og skulpturane. Det regna og var grått i hovudstaden den laurdagen i september, men det stoppa ikkje oss eller andre turistar frå å besøke parken (paraply er tingen). "Monolitten" er ein av dei mest kjente, og den er jaggu meg høg, heile 17 meter. Fascinerande å titte opp, opp, opp. Nye detaljar heile vegen. Og så alle dei andre store figurane rundt, mange vakre og ømme. Fargerike blomar og ein stilig dør fanga også blikket mitt.


På grunn av vêret, var det ikkje sånn at me var lenge i parken, men då har me jo noko til gode til neste tur. For her kan ein gå lenge og titte, og når sola varmar, er dette ein kjempefin park å besøke. Så klart måtte me finne "Sinnataggen" og til slutt "Fontenen" før me åt lunsj på ein asiatisk restaurant i nærleiken med ein kompis av oss. Og dette var altså vår fyrste tur i Vigelandsparken.

Legg igjen ein fin tanke