19. nov. 2019

Naturreservat i Rone

Gotland har så mange vakre og unike naturopplevingar å by på. Ikkje langt unna der me budde, finst Ålarve naturreservat. Det ligg heilt ute ved kysten, og stien tar deg med gjennom skog og mark og heilt ut til havgapet. Me gjekk oss ein kveldstur ein av kveldane medan me budde på Gula Hönan. Sollyset var gyllent, og då eg såg dette fine steingjerdet, stoppa eg opp ein liten augneblink for å fange sollyset gjennom gjerdet. Og det varme lyset som stakk fram mellom trea, vakkert!


Ganske aleine var me den kvelden der me gjekk på ein liten sti ut mot havet, men ikkje heilt. På vår veg, ute på enga, både låg det og stod det fleire sauar. Nokon var sorte, andre kvite, nokon begge delar. To av sauane kom mot oss og ville helse på, og det syntest jo me berre var koseleg.


Ute ved havgapet. Solnedgangen sett gjennom små strå. Ein varmrosa himmel, kveldslyset som blei meir og meir gyllent. Noko usikker på kva den kvite tingen er, men det likna på eit bittelite fyrtårn utan sjølve lyset. Og fyrtårn er jo blitt ei greie, for både i Canada og på Gotland såg me fleire slike bygg. Nydeleg landskap og område, og vår siste kveld ute på øya blei avslutta på best mogleg måte.

Legg igjen ein fin tanke