4. nov. 2019

Hygge og ro på hytta

Lenge sidan førre gong me var på hytta, tida har berre foke av garde. Slik den ofte gjer. Etter ein travel og noko kaotisk kveld på jobb på fredag, var det herleg å komme opp til hytta og kjenne fjellroa. Ikkje at eg klarte å slappe av sånn heilt med ein gong, men det kom seg. Frå fredag til sundag var me heile familien samla, og så fekk han og eg sundagskveld og måndagsmorgon for oss sjølve. I løpet av helga, spelte me "UNO" og las høgt frå ei quizbok, me hadde alle ei bok å lese i, nokon drakk kaffi og andre drakk te. Fyr i peisen og fyr i ei fin parafinlampe og eit like fint eggeglas i eit kjent mønster: nemleg mønsteret "Astrid" av Turi-design frå Figgjo. Og eit teppe må til når ein er på hytta, eit teppe, ei bok og noko varmt å drikke. Ordentleg hyttekos. Eg er så takksam for at me starta førre veke på hytta, lade batteria og ikkje tenkje jobb. For helga var travel, og eg var ikkje heime før klokka hadde passert midnatt i går (eller i natt, altså). Kunne heldigvis sove litt ekstra i dag, og det gjorde godt. Skal av garde til jobb om ikkje lenge, det er måndag og ei ny veke er i gong.

Legg igjen ein fin tanke