10. nov. 2019

Knallbra bok og ein like bra musikal

Etter stemnet førre helg, har det tatt litt tid å komme til hektene igjen. Og i morgon er det dagvakt slik at eg må vere på jobb klokka halv sju om morgonen. Men eg har hatt eit par fridagar no, vêret er heilt supert og i dag har eg vore i lag med fine folk, både ute på ein forestilling og seinare her heime i leilegheita. Alt i alt har det vore ei bra veke. Ei av bøkene eg nyleg har lese, Der krepsene synger, fanga meg veldig med naturskildringane, karakterane, mordmysteriet og språket. Å lese slike bøker gjer så godt, slike bøker der ein berre forsvinn inn i ei heilt anna verd for ein time eller to. No må eg prøve å komme meg i seng, tidleg opp i morgon som sagt. Oppsummering av veka mi:

✦ boka Der krepsene synger er for meg ei av dei beste eg har lese i år
✦ hi, hi, denne lille tapiren er berre heilt nusseleg
✦ filmkveld i lag med to kollegaer: på planen stod Singin' in the Rain, kake og kaffi
✦ sykle til jobb i frisk haustluft og høyre fuglane syngje
✦ at Eides språksjov er tilbake på skjermen
✦ "Top 10 Best Dance Scenes in Dance Movies" – med blant anna Fred Astaire og Gene Kelly
✦ stearinlys og bok etter jobb
✦ knallfin versjon av "From Now On" frå The Greatest Showman, ein film eg framleis ikkje har sett
✦ sjå favorittmusikalen Jesus Christ Superstar med elevar frå Bjergsted i lag med ei veninne
✦ må jo berre le av denne lågbudsjettversjonen av klassikaren Titanic
✦ stikke innom Hennies hus på veg til jobb og der fann eg dei søtaste piggsvinserviettane
✦ ein annan søtnos er dette lille nashornet
✦ lese Looking for Alaska og no sjå miniserien med same namn på HBO
✦ 10 av dei beste konserthusa i Europa, og Stavanger er eit av dei
✦ eit tre med mange gule blad rundt heile stamma
✦ #ScrapBlackFriday – Emma sine tankar om Black Friday og om overforbruket vårt
✦ kul gatekunst nesten midt i byen, diggar at Stavanger har mykje av dette
✦ 15 vakre sitat henta frå Anne of Green Gables-bøkene
✦ HP-bok nr. fire i illustrert utgåve – må berre lese bok nr. tre fyrst ;)

Legg igjen ein fin tanke