5. nov. 2019

Liten Oslotur tidlegare i haust

Ting tar tid, og som nemnt er det allereie to månadar sidan me var på helgetur til Oslo. Alltid litt luksus å på bu på eit hotell og ete ein knallgod frukost. Prøvde å ta bilete inne på den asiatiske restauranten, men eg ser at bileta blei litt uklare. Men, men, poenget er at eg er nokså kresen i matvegen (jepp, eg innrømmer det), og eg er ganske nøgd med at eg fann noko eg likte ;) Veldig koseleg å treffe kjentfolk, og me sat der er ei stund og prata. I løpet av dagen, var me innom eit par butikkar. Ein av dei var Norway Designs. Kunne ha tatt med meg heile butikken heim, for der var det mykje fint! Kjem garantert til å stikke innom den butikken neste gong me er i Tigerstaden.

Legg igjen ein fin tanke