8. nov. 2019

Tre mobilbilete frå førre veke

Klar hausluft både denne og førre veke. Ved Breiavatnet er det framleis haustfargar å sjå og fontena har ikkje blitt skrudd av for sesongen enno. Himmelen var knallblå, sola skein og det var ein riktig så fin haustdag. Ein kveld gjekk me tur rundt Mosvatnet, midt i den gylne timen. Sola byrja å gå ned, så varm og gyllen. Når hausten er slik, skal eg ikkje klage. Men no: fredag og beina på bordet.

Legg igjen ein fin tanke