1. nov. 2019

Moslivatnet førre helg

Helga kjem til å gå unna i ein fei, for det er eit stort svømmestemne i hallen og dette er min jobbhelg. Så eg sit her, prøver å slappe av med ei bok og lader opp til stemnet. Førre helg var me som nemnt på hytta, og det gjorde godt å berre vere der utan ein fullstappa timeplan. Og då sola fyrst skein, var det nydeleg der oppe. Haustfargane oppe på fjellet, me såg ein orrfugl på vegen, og måndagsmorgon var himmelen rosa, blå og lilla, alt på ein gong. Frosten låg på båtane og på den bittelille brygga, ein morgon slik ein berre får om hausten. God fredag og god helg, fine lesarar!

Legg igjen ein fin tanke