11. nov. 2019

Novemberlys


Kveldstur om hausten. Eit gyllent lys, fyrst oransje og sidan rosalilla. Månen som kjem fram og svanene og endene som kjem oss i møte, antakeleg fordi dei trur me har med mat til dei. Den klare og skarpe lufta. Hand i hand med han fine. Ein slik liten gåtur eg kjem til å hugse lenge.

Legg igjen ein fin tanke