3. nov. 2019

Full rulle med stemne på jobb

Travelt med slike svømmestemner, samstundes er det kjekt, for på denne måten blir det nokså varierte jobbhelger. Får ikkje tid til så mykje anna når det er stemne, men i løpet av veka har eg fått slappa av med både bok, kaffi og roleg musikk. Me starta i tillegg veka oppe på hytta, oppe på fjellet med ein rosa soloppgang, frost på robåtane og stilla. Fjellroa er ei eiga kjensle. Berre oss og fuglane. Regnar med det blir lang dag på jobben i dag med siste stemnedag og mykje vasking, men eg kan sove lenge i morgon, så det kjem til å gå heilt greitt. Kjekke punkt denne veka finn de rett under:

✦ starte veka oppe på hytta, berre han fine og eg
✦ klagar aldri på kaffi i ein Mummikopp medan eg les ei Mummibok
✦ Niina sine fine sommarminne, mange stemningsfulle bilete her og her
✦ god sjokolade frå Pralin sjokoladefabrikk ved Devoldfabrikken, og for ei stilig innpakking
✦ det går ikkje an å la vere å smelte når ein ser ein så søt kattunge
✦ regn på eit bilvindauge medan haustfargane fyk forbi ute
✦ nydeleg oktoberbukett inne hos Et katteliv
✦ Breiavatnet med gylne fargar og ein knallblå himmel
✦ ny musikkvideo frå Laurence Fox: "The Distance" (og snart kjem den nye CD-en)
✦ haustfargane på fjellet rundt hytta
✦ interessant lesing om glasblåsarkunsten og lærlingane her i Noreg
✦ brukte litt tid på å komme i gong, men The Other Half of Augusta Hope er ei god bok
✦ stas at Bjergsted blåseensemble, korpset mannen min speler i, blei tildelt UiS sin læringsmiljøpris
✦ noko av det som er fint med hausten, er å tenne mange stearinlys medan det mørknar ute
✦ Tintin, aller det søtaste ekornet
✦ lunsjpause med ei god veninne på kafé i går
✦ gå ein liten tur rundt Mosvatnet, hand i hand, oppleve den gylne timen
✦ og her er del to av Ranias innlegg om å gå langs St. Olav Waterway
✦ frostmorgon ein av dagane
✦ pusle ferdig det bittelille Eiffeltårnet

1 fin tanke - legg igjen noko fint du også

Silje sa...

Takk, fine deg! <3

Legg igjen ein fin tanke