17. nov. 2019

Hund, katt og meir til

Variert veke på jobb med to vanlege dagar, kurs på onsdag og NM kortbane torsdag og fredag. Og for ein person som ikkje er morgonfugl, er halv sju tidleg å byrje på jobb. Men det har gått greitt, og vêret har vore bra slik at eg har fått til å sykle ned kvar morgon. I heimen har me for det meste slappa av. Lesing kvar dag (mest no i helga), me koser oss med å sjå His Dark Materials på HBO og Eides språksjov på NRK, og eg synest det er kjempestas at det no er komme ein ny sesong av Endeavour. Tidlegare har eg jo sett heile Morse-serien og Lewis, og Endeavour er ein kjempebra vidareføring av dette universet. Me er endeleg i gong med eit nytt prosjekt orkesteret (partiturfri altfor lenge...), og i kveld skal eg vere med å spele litt i lag med Stavanger Amatørsymfoniorkester. Elles ein roleg sundag med litt øving på instrumentet, bok og heimelaga latte. Mange punkt på lista:

✦ gøy å lese vidare om Baz, Simon, Penelope og Agatha i Wayward Son
✦ lyden av isen som sprekk, fanga på opptak og filma av Jonna
✦ kvardagshygge å kunne passe  ein fin førarhund ein times tid inne på kontoret på jobb
✦ gå tur opp til Ullandhaug, og vel oppe stikke innom butikken til den økologiske garden
✦ fargerik katt på ein benk rett utanfor ein kafé
✦ vere med på eit grunnkurs i brannvern
✦ mykje fin keramikk hos Reinrosa – julegåver anyone?! ;)
✦ vere med å spele Beethovens femte symfoni på ein liten konsert no i kveld
✦ synest initiativet om berre ei bursdagsgåve frå klassen, ei klassegåve, er heilt supert
✦ nye episodar av besteste Endeavour (Unge inspektør Morse) ute på NRK Nett-TV
✦ besøke Kafé Go nok midt i Gamle Stavanger, god kaffi og koseleg atmosfære
✦ lese Ulmebrann, den nye krimboka i serien om journalisten Alice Bratt
✦ "Det var du som reddet meg" – rørande skrive om finaste Bianco inne hos Et katteliv
✦ solnedgang med eit fargespekter så nydeleg som aldri før
✦ Gillian sine tankar om kva ei favorittbok er, kjenner meg veldig igjen at ein kan ha mange
✦ koseleg å traske rundt i byen med dei fine lysskilta: "Håler i himmelen" og "Fyga i lausa loftå"
✦ mange søte hundekvalpar
✦ at ein av stamkundane våre hadde sett Jesus Christ Superstar i Bjergsted
✦ lite tilbakeblikk på sommaren, for Niina har publisert endå eit stemningsfullt blogginnlegg
✦ å framleis sjå at nokre av trea har gule blad, for dei haustfargane er så innmari fine
✦ Eides språksjov er eit heilt herleg program, og me gleder oss til kvar episode

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Kjære fine, gode Silje ♥️ Tusen takk for at du deler innlegget om Bianco! Det betyr uendelig mye for meg ♥️ Varm klem til deg.

Silje sa...

Har ikkje så mykje anna å seie enn ♥️ ♥️ ♥️ Sender mange varme klemmar tilbake, finaste deg!

Legg igjen ein fin tanke