Sundag igjen. Ein roleg dag i dag med beina på bordet. I går var me på tur i heile åtte timar, og då er det lov til å slappe av i dag ;) Turen venene våre tok oss med på, var opp til Bynuten. Me stressa ikkje og brukte god tid både opp og ned, og eg kjem til å skrive meir om turen, saman med fleire bilete, ein av dei neste dagane. Veka har gått roleg for seg, men som eg skreiv på fredag må eg få seie at det har vore tungt å stå opp halv seks. Skal ikkje klage på at det er lyst ute når eg skal sykle til jobb, men at det er lyst ute når ein skal prøve å sove om kvelden, det er noko anna. Samstundes kan det også bli tungt når hausten kjem, så eg skal ikkje ikke klage for mykje. Bursdagsmiddag og mykje kaffi, grønt ute og gode bøker inne, dette har vore mi veke desse dagane i juni:
✦ Christie-klassikaren Mord på Nilen og ein kopp latte (og sjekk ut den retro stilen på omslaga)
✦ og ein liten artikkel med sju av dei beste Agatha Christie-bøkene
✦ nesten dumt at me har sett den ferdig, for me digga miniserien Good Omens
✦ eg veit at dette er annonsørinnhald, men kunne godt ha investert i eit telt som eit av desse
✦ grøne tre og sollyset rundt Mosvatnet no for tida, ordentleg magisk
✦ mange fargerike blomar i ein hage i nabolaget vårt
✦ fikse ferjebillettar til Gotland og overnatting på øya
✦ endå fleire rauda pandaer
✦ lese ut den siste boka i Korfu-trilogien: The Garden of the Gods, så artig og bra trilogi
✦ ein katt som låg så fint og stille i sola utanfor Coop Extra på Kannik
✦ ny vlog frå Jonna
✦ lenge sidan eg har høyrt på ho, men musikken til Markéta Irglová er alltid like fin
✦ dagstur til Bynuten med eit venepar i går, for ein herleg tur og eit flott selskap
✦ Paul Newman og Joanne Woodward – eit nydeleg par som heldt saman i femti år
✦ etter dagsturen i går, har det blitt ein del bok og sofa i dag
✦ viktig med kaffi, også på jobb ;)
✦ bursdagsmiddag på Jordbærpikene
✦ me har mangla nokre middels store skåler, så det var kjekt å finne desse tre fine på Fretex
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Noen av Christie-bøkene jeg har, har også den stilen. Synes de er kule! Helt greit å synes at det er litt kjipt å ikke få sove pga lyse netter. Det er jo fint også selvsagt, å sitte oppe lenge og så blir det aldri mørkt, men ikke alltid så praktisk hvis man skal tidlig opp dagen etterpå. Og ja, høsten kommer raskt nok, men den tid, den "sorg" (jeg er jo glad i høsten, egentlig glad i alle årstidene vi har, hehe). Håper du får ei fin uke!
Liker jo alle Christies bøker, men det er liksom litt ekstra kult når omslaga ser slik ut! ;) Og du har rett i det du seier om at det er noko eige ved alle årstider, det er berre ikkje alltid like lett å sjå det. God veke til deg også <3
Legg igjen ein fin tanke