24. juni 2019
Tre gode bøker til lesehaugen
For omtrent ein månad sidan var det sal på bruktbokbutikken Løvås bruktbu, ein butikk midt i byen stappfull med alle slags bøker, både nye og gamle. Når eg er innom slike butikkar, pleier eg som regel berre å gå rundt og titte, kjenne på bøkene, berre vere der. Men av og til finn eg nokre bøker som eg i mine auge må ha med heim, og når det attpåtil er sal, er valet litt enklare. Eg fann tre bøker. A Street Cat Named Bob har eg lese tidlegare (på norsk), og eg har sett filmen, men den er så fin at den les eg gjerne igjen. Robin Hood er jo ein klassikar og Trollvinter har eg lenge hatt på lista over bøker eg ønskjer å lese. Ha, ha, den lesehaugen min blir berre større og større ;) Men ingen hast, det betyr jo sånn sett at eg alltid har ei bok å lese i. Og det er ei god kjensle, det!
Merkelapp
bøker,
loppis og gjenbruk
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke