13. juni 2019
Retrolykke kaffebar
Retrolykke kaffebar har lenge stått på lista mi over kaféar i Oslo som eg har hatt lyst til å besøke. Då eg var der me veninna mi for to veker sidan, passa det ypperleg sidan det låg i same området som Mathallen. Og sjekk ut interiøret! Eg klarte å la vere å ta med meg noko heim – for, ja, mykje av tinga kan ein kjøpe – men her var det mykje fint. Tenk å kunne innreie heimen med alle desse gamle tinga! Ei lita avdeling med vintageklede har dei også, og sjølv om kjolen eg prøvde ikkje passa meg, er det alltid stas å sjå på slike klede, prøve dei på, sjå alle fargane, og så mønstera som var så typiske for si tid. Åt ein vaffel og drakk god latte, eit kaffibesøk og ein kafé etter min smak.
Merkelapp
loppis og gjenbruk,
mat og drikke
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Veldig stilig! Tror jeg må ta turen innom neste gang jeg er i Oslo. God helg <3
Slike plassar er alltid ein fryd for auget! ;) God helg, fine deg <3
Ååå jeg elsker sånne kaféer/retrobutikker. Og det er bra vanskelig å ikke ta noe med seg når man drar derfra ;)
Kunne nok fint ha tatt med meg noko heim, men hadde berre med meg ein liten sekk ;) Likevel ein kjempekul kafé, tommel opp!
Legg igjen ein fin tanke