25. juni 2019

Opp til Bynuten med ein kjempefin gjeng!

Opp til Bynuten bar det på laurdag. Verken han eller eg visste kor me skulle, det var nemleg eit venepar av oss som hadde bestemt kor turen skulle gå. Det einaste me hadde fått beskjed om var at me kom til å vere ute i nærmare sju timar, så me måtte ha med oss sekk og vere kledd i gode turklede. Dei henta oss halv elleve, og saman køyrde me til ein parkeringsplass eit godt stykke utanfor allfarveg. Planen dei hadde "pønska ut" var at me skulle gå opp til Bynuten, 671 moh. Og den planen fullførte me. Vêret var nydeleg, verken for varmt eller for kaldt, ein akkurat passe junidag. Me gjekk forbi små og noko større vatn, overalt var trea grøne og me var ein super gjeng.


Så klart måtte me raste eit par gongar, få i oss litt mat, kaffi og ein kjeks eller to. Godt å kvile beina litt var det også. Vår andre rast var rett ved eit koseleg, lite vatn. På veg opp til vatnet, kløyv me forbi ein bitteliten foss. Smakte godt med ein matbit og kaffi frå termosen. Etter fire timar gjennom skog, steinur og nokon plassar eit myraktig terreng, var me framme på toppen. Fjelltoppane er kanskje ikkje like spisse som dei på Sunnmøre, men fine og grøne er dei no i alle fall.


Bynuten er det høgste punktet i Sandnes kommune, og det er laga til ein stor varde slik at det ikkje skal vere vanskeleg å skjønne at no er ein komme til toppen. Måtte jo knipse eit par bilete av oss då me fyrst var komme så langt, og som vanleg blir det litt lått og løye ;) Ein sommarfugl gjekk i eitt med ein mosekledd stein, og myrulla såg så mjuk og herleg ut. Å gå nedover fra ein topp i ur og ulendt terreng er ikkje berre berre, så me brukte omtrent like lang tid på veg ned som det me gjorde på turen opp. Men det var behageleg å gå i eit roleg tempo, ta oss tid til å prate og nyte naturen rundt oss. Til slutt åt me ein knallgod middag heime hos veneparet. Takk for ein superbra dag!

Legg igjen ein fin tanke