14. juni 2019

Dalsnuten

Sidan det var fri på måndag i tillegg til at det var veldig fint junivêr, kom me oss ut på tur. Me lånte el-bilen til mamma og pappa og fann difor ut at me kunne køyre eit lite stykke og så gå tur i nabokommunen. I Sandnes er det fleire turar ein kan gå, men me har lenge snakka om å komme oss opp til Dalsnuten. Og opp til den toppen, eller nuten, gjekk me altså på måndag. Ein kjempeflott tur som starta i grøne omgjevnadar med skog og bekk, små blomar og ein steingard.


Fyrste del av turen gjekk me på ein grusveg inni ein skog, men det tok ikkje lang tid før landskapet opna seg. Turen gjekk vidare på ein steinlagt sti rett ved eit vatn, og med det vêret som me hadde på måndag, var dette rett og slett ein draum. Sol, sommar, tur og godt selskap på ein nydeleg plass!


Etter kvart byrja den bratte delen av turen. Frå parkeringa og opp til toppen er det ikkje meir enn snaue to kilometer, men den siste delen opp er bratt. I alle fall i våre auge. Det kjem no an på kva veg ein går opp, for ein kan gå ein rundtur. Men på den vegen me gjekk, vil eg påstå at me faktisk måtte klatre eit stykke. Eller kanskje er småklyve eit betre ord... Uansett. Nuten ligg på 323 meter over havet. Ikkje så veldig høgt, men likevel – utsikta over Sandnes, Sola og Stavanger er storslått.


Oppe på toppen! Så klart måtte me ta ein liten selfie (eller "sjølving" som min betre halvdel meiner det kan heite på nynorsk). Fann ein stein som me sette oss ned på, drakk vatn og kjente sola varme. Gjekk den andre vegen ned frå toppen, og der var det ikkje fullt så bratt. Slike turar, altså <3

Legg igjen ein fin tanke