4. juni 2019

Hotellfrukost og Mathallen

Nattog er ei genial greie. Når det fungerer. For då me kom til togstasjonen i Stavanger fredagskveld, viste det seg at dei mangla ei sovevogn med sovekupéar! Konduktøren gjorde alt han kunne, og etter tre kvarter, fekk me til slutt tildelt ein kupé. Puh. Ikkje like enkelt alltid, men me fekk no nokre timar med søvn. Vy har frukostavtale med Thon Hotel Opera, ein super start på dagen. Litt dessert etterpå måtte me også ha ;) Synest forresten tapetet og sofaen hadde stilige mønstre.


Sat ei stund ved frukostbordet og slappa av. Til slutt var det på tide å komme oss vidare. La frå oss sekk og bag på hotellet der me skulle overnatte og sette nasen mot Grünerløkka og Mathallen. Gøy å berre sjå oss rundt, ta ein cappuccino og ein minicupcake hos The Cupcake & Pie Co.


Og litt is, for det var jo faktisk laurdag, tihi. Kjøpte ikkje med meg noko heim, men dei hadde mykje godt der. Skulle gjerne hatt ein sånn plass her i nærområdet (me hadde jo faktisk ein mathall her i byen for eit par år sidan, men den finst dessverre ikkje lenger). Meir om Osloturen i morgon.

Legg igjen ein fin tanke