5. juni 2019

På nye stiar i Oslo

På veg til Mathallen, gjekk me forbi flotte hus og eit parsellag. Dette var ikkje noko me hadde planlagt på førehand – me berre gjekk i den retninga me skulle, og kom tilfeldigvis til å gå akkurat denne vegen. Gammalt kontorbygg i mur, ein lyktestolpe med auge rett ved duse fargar på eit hus og ein flott, gulgrøn dør. Å spasere forbi slike bygg og hus, å oppdage nye plassar, er i mine auge alltid like fint. Plutseleg kom me til Kjærlighetsstien, ein gangsti som ligg rett ved parsellhagen. Regndropane låg så fint på blomsterblada, og sjølv om det framleis var noko grått på himmelen, syntest me begge to det var nydeleg å gå på denne gangstien, tett ved mange blomar, bærbuskar og plantar. Ein liten selfie foran ei fargerik husrekkje før me kom fram til Mathallen.

Legg igjen ein fin tanke