3. juni 2019

Vink til ein ny månad v6

Juni og sommar. Eller, nesten. Ikkje det aller største sommarvêret ute i dag, for temperaturen er ikkje noko særskilt å skryte av og null sol å sjå på himmelen. Akkurat slik mai starta, for eg ser at eg då skreiv "ikkje det aller beste vårvêret", hi, hi! Benken er blitt flytta på – den har visst ein tendens til det – og det har byrja å komme endå fleire campingjestar ved Mosvangen camping. Reknar med at det er endå fleire når juli er her. Seinare i dag blir det orkesterøving, og i morgon blir det konsert. Men akkurat no tenkjer eg at eg skal kose meg med ei finfin bok og ein kopp med god te.

Legg igjen ein fin tanke