12. juni 2019

#tatoget

Tre som fyk forbi. Jernbaneskjener og raude stasjonsbygg. Ein like raud telefonkiosk (å, for eit nostalgisk syn) og kule namn på togstasjonar. Knallblå himmel, grønt overalt og små, blikkstille vatn. Fleire togskjener. Ro i sjela medan ein kjem seg frå a til b. Tid til å lese, sove, berre titte ut av vindauget. Slappe av. Ein togtur som starta tidleg i Oslo sundagsmorgon etter å ha vore der med ei veninne, og som enda i Stavanger halv fire. For når toga går og det til dømes ikkje er banearbeid, er ein slik transportetappe veldig kjekt og avslappande, det er for meg ein del av turen.

Legg igjen ein fin tanke