2. juni 2019

Morgonskift og Oslotur

Hiv o'hoi! Litt av ei veke med tidlege morgonar, ein fridag som attpåtil var vår bryllaupsdag og no i helga ein tur til Oslo saman med ei god veninne. Det har verkeleg gått i eitt, men det har berre vore kjekke ting :) På onsdag var me i tillegg ute med burettslagstyret (mannen min har nettopp gått av som leiar og det var middag saman med det gamle og det nye styret). Me åt ute på Bølgen & Moi, og både maten og selskapet var tipp, topp, tommel opp. Morgonane på jobb har gått greitt sjølv om eg framleis synest det er altfor tidleg å stå opp halv seks. Toget fram og tilbake Oslo no nettopp, og grunnen til det var at veninna mi og eg ønskja å sjå The Book of Mormon – for tredje gong! Kjempekjekk tur trass i noko lite søvn (ikkje berre berre å sove ordentleg når ein tar nattoget). Kom heim i tre-tida i dag, og har fri i morgon og på tysdag. Klagar ikkje på det! Byrjar å bli seint no, snart leggjetid. Men fyrst ei lita liste, ei slik eg som vanleg deler her på bloggen når det er sundag:

✦ hjartevarm og herleg bok: Perler på en snor av P.I. Paris
✦ "Jeg skal bare" – måtte smile for meg sjølv då eg las dette innlegget hos Et katteliv
✦ moro at dei kom med Harry Potter-referansar i en episode av den kulaste Brooklyn Nine-Nine
✦ ete ein veldig god trerettars middag på Bølgen & Moi saman med ein fin, liten gjeng
✦ lese ut The Hating Game, ein litt artig romantisk komedie
✦ morgonlyset mellom blada og solnedgangen ved sykkelvegen
✦ og ei videoliste med ti såkalla "plot twists" frå Harry Potter
✦ sykle til jobb tidleg om morgonen, ha solbrillene på og høyre fuglane kvitre
✦ titte på boka My Family & Other Animals i ei fysisk utgåve i en bruktbutikk
✦ hi, hi, må smile av dette eselet som trur det er ein hund
✦ høyre kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso på radioen på veg til orkesterøvinga
✦ Jonna sin vlog nr. 24 som viser det nye huset som ho og kjærasten har kjøpt i Grundtjärn
✦ prate med ein badegjest som var strålande nøgd med vatnkvaliteten
✦ svaner ved Mosvatnet då me gjekk ein tur der på torsdag
✦ sjå eit søtt piggsvin på veg til jobb den fyrste dagen denne veka
✦ nydeleg blomsterbukett
✦ The Book of Mormon for tredje gong og mykje anna i Oslo, bilete kjem ;)
✦ blomar og god middag på bryllaupsdagen vår
✦ ti undervurderte songar frå musikalar – så glad for at "Will I?" frå Rent er nummer ein
✦ lyset gjennom det store og stilige takvindauget på jobb
✦ får ikkje nok av den lille, søte kattungen Maya
å få eit lite besøk av naboens skjønne katt ute på balkongen

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Haha, liker at du har sett The book of mormon tre ganger! Fin liste som vanlig. Synes det er imponerende at du uke etter uke klarer å skrive så lange og fine lister!

Silje sa...

Altså, den musikalen er berre så artig at eg fint kunne ha sett den både to og tre gongar til! :D Kjem garantert til å høyre mykje på songane denne veka ;) Og takk for komplimentet, bruker litt tid på å skrive desse listene, men synest samstundes det er kjekt og ein fin måte å oppsummere vekene på ^^

Ida sa...

Jeg sier meg enig med Tea at det var en veldig fin liste ;) Og atter en gang, tusen takk for at du linker til kattelivet <3 Vi blir så glad av sånt. Jeg har hørt så mye bra om The Book of Mormon, og skjønner jo at det må bli den vi skal se neste gang vi skal til London. Synd vi ikke rekker den norske.

Silje sa...

Bør absolutt prøve å sjå "The Book of Mormon" om sjansen skulle by seg om ikkje så lenge. Ha, ha, eg har jo sett den tre gongar og diggar den berre meir og meir for kvar gong! :D Berre hyggeleg å dele ei lenkje eller tre, for det fortener de <3

Legg igjen ein fin tanke