7. juni 2019

The Book of Mormon

Jazzy hands! Ha, ha, må le litt av meg sjølv, for eg såg sikkert veldig artig ut der eg stod foran The Book of Mormon-veggane, vifta med hendene og gliste stort! Men ein har ikkje meir moro enn ein lager sjølv ;) Storkoste meg førre helg i lag med ho eine veninna mi. Me såg begge to musikalen for tredje gong, og gurimalla – dei blir jo drygare og drygare på scena for kvar gong! Lo sånn at tårene rann, og så klart har eg høyrt ein god del på songane på Spotify denne veka. Dei fleste tenkjer sikkert at tre gongar er nok, men eg kunne fint ha sett den tre gongar til. I slutten av månaden er det aller siste forestilling. Sånn er det. Eg får kose meg med songane og programheftet her heime.


Alltid litt ekstra stas å bu på hotell, og Scandic St. Olavs plass, rett ved teateret, passa oss bra. Før musikalen, åt me god middag på ein restaurant. Valet fall på Elias mat & sånt, og me blei begge to ganske så mette. Etter å ha vore på teateret, før me traska tilbake til hotellet for litt søvn, sette me oss ned på ein benk ved Spikersuppa. Sola varma framleis og det gylne kveldslyset var så vakkert!

Legg igjen ein fin tanke