9. juni 2019

Fridagar midt i kveldsskiftet

Onsdag, torsdag og fredag var det jobb, og plutseleg var det fri. Skulle jo eigentleg ha jobba no i helga, men sidan det er pinse og heilagdagar, er svømmehallen stengd. Plutseleg eit par ekstra fridagar for min del! Veka byrja med orkesterøving på måndag og konsert på tysdag. Sidan har eg vore på jobb om kveldane, men før den tid har me kvar dag fått ete ein god frukost i lag, eg har lese ein god del og høyrt på songane frå The Book of Mormon (dette kom vel ikkje som ei bombe...). Broren min overnatta her hos oss no i natt sidan han skulle ta eit tidleg tog til Kongsberg. Det blei taco og film, rett og slett ein bra kveld! Seinare i dag skal me innom nokon venar for å feire ein bursdag. Og så er det jaggu meg fri i morgon også. Sundagslista er klar, nokså tidleg denne gongen:

✦ søt, lita bok på lesebrettet: Matchmaking for Beginners (og ganske mange paraplyar)
✦ du veit det er ein Wes Anderson-film når...ja, for berre sjekk ut denne videoen
✦ konsert med orkesteret i St. Petri kirke i Stavanger
✦ svømme 1000 meter før kveldsvakta onsdag (og ei heil lengde under vatn)
✦ klippet er frå presentasjonen, men "Du og eg" frå The Book of Mormon er enno "heilt makalaus"
✦ sykle heim klokka ti om kvelden og framleis høyre fuglane kvitre, framleis lyst ute
✦ byrje å sjå miniserien Good Omens, kjempeartig serie, og David Tennant er den kulaste
✦ kjekt å lese om lemuren som kom til rette etter fem veker på rømmen
✦ sundagsstemning: grått ute, god bok og eit fargerikt teppe inne
✦ Belinda Bauers Bristepunktet, ei kjempespennande krimbok
✦ to små raude pandaer, heilt utruleg nusselege
✦ inga overrasking at Billy Elliot kom på fyrsteplass på denne musikallista
✦ klippe håret før konserten på tysdag
✦ bok og te ein av dagane
✦ så glad for å høyre at det tidleg neste år kjem ein ny bok i Nevermoor-serien
✦ pakke inn bryllaupsgåve til eit venepar av oss i blomstrete gåveposar
✦ besøk av broremann no i helga
✦ Klassisk ønskekonsert på NRK med songar som "Gabriels obo", "Do-re-mi" og eit althorntalent
✦ raude, rosa og lilla blomar inntil ein brun murvegg
✦ gjensyn med Sense & Sensibilty frå 1995 med bl.a. Emma Thompson, Kate Winslet, Hugh Grant og Alan Rickman. Miniserien frå 2008 blir vel den neste.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Haha, Frank Kjosås er bare så dyktig og artig! Billy Elliot står også høyt på lista over musikaler jeg vil se (digger filmen). Og jeg ELSKER Sense & Sensibility fra 1995 <3 Ser den SÅ ofte. Huff, det er så trist at Alan Rickman ikke er blant oss lenger. Han var en fantastisk skuespiller. Håper du har kost deg med fridagene dine ;)

Silje sa...

Hi, hi, Kjosås og Olsen i tospann er berre fantastiske! :D Eg såg "Billy Elliot" då den gjekk i Oslo og på scena her i Sandnes i fjor, for ein flott musikal med mykje trøkk, bra dansing og knallrå musikk (diggar filmen eg også, har både den og musikalversjonen på film). Skjønner godt at du liker 1995-versjonen og ikkje minst Alan Rickman <3 Takk, Ida, eg har fått slappa av, lese ein god del, vore sosial og gått ein kjempebra tur. No ventar jobben i morgon.

Legg igjen ein fin tanke