Takk for at eg får kalle deg mannen min, for at eg får kalle meg kona di. Hugsar framleis den dagen for fire år sidan då me sa "ja" til kvarandre. Ein av dei aller finaste dagane. Eg gjekk rundt og smilte heile dagen, innimellom kom det nokre tårer, det var mykje latter og glede. Lykkeleg. Og det er eg endå. Takk for at du held ut med meg, at du støttar meg, er her for meg, elskar meg. Eg ♡ deg!
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Gratulere så mye med bryllupsdagen ♥ Og du hadde en nydelig brudekjole!
Tusen takk, Ida! <3 Det er mamma sin gamle brudekjole som blei sydd om til bryllaupet vårt!
Legg igjen ein fin tanke