29. mai 2019

Å møte finingar på vår veg

Rundt Vannassen fredag førre veke, såg me ei svane med to ungar. Å, dei er så søte når dei er grå og dunete! Ingen stygge andungar her i garden. Trefte i tillegg på eit piggsvin då eg sykla til jobb på måndag. Sjølv om eg byrja halv sju om morgonen, tok eg meg tid til å stoppe for å knipse eit lite bilete med mobilen. Ein skjønn, liten krabat. Gløymde forresten biletet av blometreet i sundagens blogginnlegg, men litt ekstra flott å gå tur i mai når sola skin gjennom alle dei fine blomane. Skjønner ikkje at me skriv juni på laurdag allereie. Våren er snart over og sommaren er i anmarsj.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Ååå jeg fikk så lyst å kose med både svaneungene og piggsvinet ♥ Men det spørs hvordan det hadde blitt å kose med sistnevnte ;)

Silje sa...

Svaneungane ser jo så mjuke og gode ut <3 Hi, hi, piggsvinet derimot ;) Men søte er dei no likevel!

Legg igjen ein fin tanke