8. mai 2019

To ting frå førre veke

Travelt på jobb i dag, men avslutta kvelden med ein kjempebra konsert med saksofonist Marius Neset og Stavanger symfoniorkester. Førre onsdag var det ein roleg dag, det var jo fyrste mai og ikkje noko jobb på programmet. Då kvelden kom, fekk me gjestar på besøk, og det blei ein ordentleg spelekveld med eit "Escape Room"-spel og "UNO". Den eine runden starta eg med seks spesialkort, måtte småflire litt av det. Koseleg å kunne få til ein slik sosial kveld i ny og ne.


Dagen før hadde eg seinvakt på jobb, og før eg byrja, var eg innom biblioteket på Sola. Her jobba eg som skrankevakt og ekstravikar ein gong i tida, og det var også her – på kulturhuset  – at korpset mitt hadde øvingar, det var her eg gjekk på jazzballet, hadde konsertar med skulekoret. Mange barndomsminne med andre ord. Biblioteket skulle ha bokdryss der dei ønska å gi bort mange gamle bøker, bøker som dei dessverre ikkje har plass til i magasinet lenger. Når det blir så mange bøker, kjenner eg det er vanskeleg å finne noko, men det var no uansett gøy å titte. Og måtte berre ta bilete av boka Plutselig en morgen, for du kjenner kanskje igjen figurane på forsida?! Artig!

Legg igjen ein fin tanke