2. mai 2019

Flaskepost og ein minitopptur

Sidan vêret var på sitt aller beste i påska, måtte me jo komme oss på ein liten tur. Terrenget ved hytta er nokså ulendt, så det er ikkje alle plassar det er like enkelt å gå. Men tur blei det no uansett! Før me kom oss så langt, såg me plutseleg ei flaske liggje i vatnet rett ved hytta. Den måtte me jo plukke opp, og jaggu meg var det ein lapp inni. Så koseleg med flaskepost, berre ei veke gammal, men like fint for det om. Skreiv ei lita helsing på baksida og heiv flaska uti vatnet igjen.


Byrja så å vandre på ein sti på baksida av hytta vår. Fann ein topp der me såg utover eit av tjerna som ligg i området. Det er eit flott område hytta ligg i. Vêret var heilt herleg og me måtte ta av oss jakkene. Og ein liten selfie fekk eg lov til å ta, sjølv om han kanskje ikkje var heilt nøgd ;)


Gjekk ned frå den lille toppen og sette oss ned på ein stein. Me måtte nemleg ha ein bitteliten matbit. Rett ved der me sat, såg me ei lita hytte som nesten gjekk i eitt med naturen, grå, lita og koseleg. Eit tre hadde velta og røtene var som tatt ut frå eit eventyr der det sit ein skikkelse på lur.


Over ei steinrøys for å komme oss tilbake til hytta. Me var ute på tur berre ein times tid, men det er jo ikkje tida eller lengda på turen som tel. For uansett kor kort eller lang turen er, gjer det godt å bevege kroppen, lufte tankane, kjenne sola og lufta i andletet. Nyte vår ville og vakre natur.

Legg igjen ein fin tanke