5. mai 2019

Fem fridagar gir mykje tid til lesing

Sosial veke, avslappa helg. Litt av alt, mykje lesing og fine dagar. Skriv dette relativt ofte, men eg skjønner ikkje kor dagane og vekene blir av. For me er allereie i mai, og dei fire fyrste månadane av 2019 har gått litt for fort. Hadde berre to dagar på jobb denne veka, noko som var rart. Men klagar ikkje på langhelg og hyttetur. Elles: spelekveld med fine vener, fleire blomar og det herlege sollyset inn i stova. Veit ikkje om det er noko meir nytt å fortelje, så eg tenkjer at det no er over til sundagslista med – som vanleg – mange kjekke ting og tang som eg håper også de har glede av:

✦ vakkert omslag, heilt grei thriller (boka 64 av Hideo Yokoyama)
✦ liten tur til biblioteket på Sola, for der hadde dei eit bokdryss den siste dagen i april
✦ bøkene som Ida las i april, alltid kjekt å lese ei bokoppsummering eller fem
✦ når ein liten badegjest kjem med ein neve løvetann til oss på jobb
✦ og det at eg plutseleg trefte fire kjentfolk rett etter kvarandre på jobb tysdagskveld
✦ spele eit "Escape Room"-spel med nokre fine folk den fyrste kvelden i mai
✦ hente ein liten haug med bøker på biblioteket, for eg må jo alltid ha noko å lese i
✦ og sidan eg har hatt fem fridagar denne veka, og ein hyttetur, har eg verkeleg fått lese mykje
✦ 17 franske feel-goodfilmar
✦ sollyset som skein inn på ugleputa vår ein av dagane
✦ så mange tre med dei vakraste blomane som eg syklar forbi til og frå jobb
✦ ny vlog inne på Youtube-kanalen til Jonna
✦ boka Where'd You Go, Bernadette som eg las ut medan eg sat på kafé for ei lita stund tilbake
✦ songen "Baba Yetu", så mange flotte stemmer 
✦ hyttelanghelg, her vist med eit bilete av vatnet, ein hyttelaga latte og utsikta frå stovevindauget
✦ koseleg å få besøk på hytta i går kveld av ei barndomsveninne

Legg igjen ein fin tanke