6. mai 2019

Kjekk helg for ei komande brud!

Kom på at det i dag er nøyaktig eitt år sidan eg drog av garde til Canadas austkyst. Eg var der jo for å besøke mannen min som var borte i tre månadar i samband med phd-graden han skriv på. For ein fin og minnerik tur det var! Kanskje skal eg lage eit lite mimreinnlegg her på bloggen neste veke... Men det var ikkje det det skulle handle om i dag, eg ønskjer nemleg å dele nokre bilete frå utdrikningslaget eg var på førre helg. Ho me skulle feire, gjekk eg i lag med på musikklinja på vidaregåande og me held framleis kontakten. Me overraska ho heime hos foreldra hennar (der ho var på besøk den helga), og me starta dagen med god frukost, flotte fruktspyd og herleg latter.


Då frukosten var spist opp, fekk de komande bruda bind for auga, og me tok ho me til ungdomsskulen der ho og ein del av dei andre gjekk då dei var yngre. Deira gamle gymlærar var invitert til å ha turntime med oss! Artig! Nokon av dei gamle klassevenene kom for å vere med på turntimen, og det var ballongar, muffins, morosamme turnklede, popcorn og god stemning.


Utpå dagen drog me til Ostehuset der me koste oss med kaffi og veldig god lunsj. Forlovarane hadde bestilt bord på førehand og me sat for oss sjølve inne i eit slags drivhus. For ein finfin gjeng! Til slutt drog me i samla flokk til Høle der familien til ho eine har ei hytte. Ein kjempeflott plass og eg synest det var koseleg med ei lita melding på hytteboka. Inga hytte utan ei hyttebok.


Mange aktivitetar, latter, mimring og lasagne klokka halv eitt om natta. Me måtte blant anna smake på forskjellig mat og prøve å gjette kva det var for noko. Ha, ha, her var det nok mange rare ansiktsuttrykk for dei som såg på! Brownies og ein drink, bruda fekk ei minnebok med bilete og tekst frå alle som var med på utdrikningslaget, og så var det på tide å lage middag. Eller rettare sagt nattmat, for klokka var plutseleg halv tolv. Lasagnen blei veldig god, og før me la oss, blei det fleirstemd allsong. Drog heim rett etter frukosten dagen etterpå. For ei kjempekjekk helg!

Legg igjen ein fin tanke