12. mai 2019

Ei heilt vanleg veke i mai

Måndag til fredag denne veka stod eg opp halv seks. Isj, det er tidleg for ei som ikkje er ein utprega A-morgonfugl. Men det har jo gått på eit vis, og eg må berre bli vand med det sidan eg byttar på å ha morgonskift og kveldsskift. Høgdepunktet denne veka var konserten med Marius Neset og Stavanger symfoniorkester som me var på. Konserten var i samband med MaiJazz, og den fekk ein seksar i Aftenbladet. Sat begge to i salen og storkoste oss! Så mykje trøkk, kompleks musikk med så mykje kul rytmikk, og då musikken var på sitt rolegaste, var det høg gåsehudfaktor. Me har sette av tid til å komme oss ut på nokre korte gåturar etter jobb, for sjølv om temperaturen har vore jamt over seks-sju gradar, har sola varma littegrann. Ein av dagane gjekk me opp til Ullandhaug der me såg fleire kule dyr, blant anna grisungar. Kaffi og bøker har det også blitt – utan desse to blir det ikkje ei bra veke ;) Veninna mi måtte dessverre avlyse i går, så det blei ein roleg kveld, berre han og eg, heimelaga pizza og bra film. Skal no ikkje klage på ein slik laurdagskveld! Ny sundag = ny liste:

✦ komme heim til eit kjempekoseleg postkort frå ein fin person
✦ meir inspirasjon når det gjeld nattog i Europa
✦ liker godt Modianos bøker, og det gjeld også den nyaste som ute på norsk, nemleg Dora Bruder
✦ kunne godt ha reist tilbake til England no og budd i Danescombe Mine eller i The Chapel
✦ altså, den raude pandaen må jo vere eit av dei aller søtaste dyra
✦ rundt Mosvatnet i går trefte me ein tidlegare kollega av meg og såg fleire nydelege blometre
✦ kjempebra jazzkonsert i konserthuset onsdagskveld
✦ ein kul video som viser forskjellige omsetjingar av diverse titlar og namn i HP-universet
✦ då det ikkje blei øving på tysdag, blei det heller tur opp til Ullandhaug og til dei søte grisungane
✦ sekskanta fliser i duse fargar inne på Straensenteret
✦ nemnde boka Where'd You Go, Bernadette førre sundag, og no kjem den snart som film
✦ sjå to episodar av Six Feet Under
✦ og apropos TV-seriar: diggar at det no ligg nye episoder av Father Brown på NRK Nett-TV
✦ gleder meg sånn til å sjå The Sound of Music på Folketeateret i september
✦ kose oss med knallgod pizza og filmen The Big Short i går
✦ "Top 10 Animated Movies That Became Musicals" – så mange bra her, særskilt topp ein og to
✦ storkoser meg framleis med å lese krimserien om Vera Stanhope, og Silent Voices er bok nr. fire
✦ ny turisthytte i Vigsledalen (abo.), så her bør me nok få til ein tur etter kvart

Legg igjen ein fin tanke