10. mai 2019

Fire årstider og mykje hygge på hytta

Helg igjen. Skal ikkje på hytta denne helga, men trur nok det blir ei roleg helg for det om. Skal møte ei veninne i morgon og elles ganske få planar. Og det skal bli heilt greitt å kunne sove litt lenger i morgon ;) Førre helg var me som nemnt på hytta. Mannen min og eg kom opp torsdagskveld, opp til hytta med vakre tulipanar og eit gyllent lys over vatnet. Inne i hytta var det berre tretten gradar, så medan me venta på at middagen skulle bli ferdig, kokte me vatn og laga oss te. Måtte ut på terrassen ein tur for å knipse eit bilete, for eg syntest det var så stilig å sjå solnegangen i vindauga til ei av nabohyttene. Las i ei bok med lyset frå ei parafinlampe og kjente at hytteroa kom sigande.


Eg hadde gløymt å lade batteriet til kameraet, så dei neste dagane tok eg berre bilete med mobilen. Men det funkar no ganske greitt det også for så vidt. Fekk lese så mykje, skuldrene senka seg og eg storkoste meg. Og på hyttetur må ein jo ha på seg ullsokkar! Broremann kom opp kvelden etter oss, og me hadde pannekaker til middag. Fyr i peisen medan me quiza litt før me til slutt gjekk og la oss.


Sludd og sol, regn og snø, mykje vind og lite vind, blå himmel og grå himmel. I løpet av helga fekk me jaggu meg oppleve så å seie alle fire årstider. Og ein solnedgang så nydeleg, fyrst varm og gyllen og så rosa. Eit syn eg aldri blir lei. På laurdagskvelden fekk me besøk av ei barndomsveninne, og på planen stod taco, "Trivial Pursuit" og "UNO". For ein triveleg kveld! Vêret sundag morgon var ingenting å skryte av, så me rydda, vaska og pakka saman og drog ned til sivilisasjonen i eitt-tida. Ein kjempeherleg og avslappa hyttetur var med eitt slutt, men me kjem garantert tilbake!

Legg igjen ein fin tanke