22. mai 2019

Nasjonaldagen i bunad og med eit stort smil!

Ser du kor stort smilet mitt var då eg hadde på meg bunaden på 17.mai? Som eg nemnde hadde eg ikkje den med meg i bagasjen då eg reiste til Canada i fjor, så då var det nasjonaldagsfeiring utan bunad. Sakna verkeleg å ha den på, og dimed var det i år stor stas å ta den fram. Eg skal innrømme at det blei varmt utpå dagen, for det var godt over tjue gradar i sola! Og det er neimen ikkje enkelt å få sølja til å sitje beint. Men utanom det var det alle tiders. Han var også kledd i finstasen, og me fann fram to små flagg og tok eit par bilete på det grøne graset ved blokka vår. Herleg maivêr!


I tolv-tida traska me bort til eit venepar som hadde stelt i stand til ein akkurat passe 17.mai-fest. Eg trur det er fjerde gongen me feirer i lag med dei og ein gjeng med andre fine folk. Kransekake og pavlova, varm mat og kald mat og ikkje minst godt selskap! Me var der i fire timar og då byrja eg å merke at eg var trøytt. Hadde hatt seinvakt dagen før og skulle jobbe heile helga ;) Ei kjempefin feiring var det no uansett! Takksam for å ha slike folk som år etter år inviterer og opnar heimen.


Foran inngangspartiet var det pynta så fint med norske flagg, og me fekk broremann til å knipse eit par bilete av oss saman. Kjekt at han også ville vere med å feire dagen i lag med godgjengen. Ha, ha, gjorde oss litt til på bileta, men ein har ikkje meir moro enn det ein lagar sjølv! Ser forresten at me tok eit liknande bilete foran det same huset for to år sidan. Koseleg! Eit bilete av broren min blei det også :) Traska heimover, fekk på oss meir avslappa klede, åt middag og såg The Princess Bride.

Legg igjen ein fin tanke