1. mai 2019

Vink til ein ny månad v5

God fyrste mai! Her er det ikkje det aller beste vårvêret: himmelen er grå, det blåser litt og temperaturen viser "berre" ti gradar. Men med tanke på kva påske me hadde, med sol og blå himmel kvar dag, skal eg ikkje klage. Ikkje noko tvil om at det er blitt grønare ute, ikkje berre graset, men også på alle trea. Ved Mosvangen har det byrja å komme campinggjestar og rundt Mosvatnet gjekk det føre seg eit løp av noko slag. For det er jo "Kom, mai, du skjønne milde".

Legg igjen ein fin tanke