Kjekt med langhelg, for då får eg ekstra mykje tid til å lese. Til å dykke ned i ei bok og berre bli der...for ei stund. Eller gå ein tur hand i hand med mannen min, sjå ein god film, ta det med ro. På torsdag var eg ute ein tur på fridagen min for å låne bøker og få unnagjort eit par andre ærend. Bortsett frå det har eg hatt ingen planar desse dagane. Snart er helga over, og i morgon er det på'an igjen med ei ny dagvaktveke. Kjenner at eg ikkje er heilt vand med å jobbe skift enno, for sjølv om eg har fire dagar mellom kvart skift, er det ikkje berre berre å byrje halv sju om morgonen på det eine skiftet og halv to (midt på dagen altså) på det andre skiftet. Men det kjem seg nok. Tenkjer eg no skal ta fram ei god bok før det blir middag og tidleg til sengs. Veke 21 kort oppsummert:
✦ cappuccino og månadens Christie-bok, ei novellesamling med Poirot og Hastings i spissen
✦ nydelege Gotland inne hos Emma – tenk å ha eit sånt lite torp
✦ to av dei kule porselenstallerkenane våre, i herleg retromønster frå Stavanger Flint
✦ sjå ferdig fyrste sesong av My Brilliant Friend
✦ tinge togbillettar til Sverige i august
✦ 18 kule måtar å reise kollektivt på
✦ lyden og lukta av kaffi, for ein klagar ikkje på ein kaffimaskin på jobb
✦ artig å høyre naboane over oss spele songar frå Kaptein Sabeltann og Løvenes Konge på ein fest
✦ enkle, men fine lysestakar frå Søstrene Grene og den kule vårduken
✦ og eg kan godt besøke ein plass som dette hotellet på Öland
✦ heimelaga blomkålsuppe med bacon og vårløk
✦ den raudrosa fargen på eit tre inntil eit flott, gråblått bygg
✦ ååå, gleder meg til å sjå Downton Abbey-filmen, for berre sjå på traileren
✦ svaneungane og sothønene ved Vannassen
✦ trur eg har sagt det om andre kattungar før, men denne må jo vere ein av dei aller søtaste
✦ liten fredagsbukett med gule og oransje blomar langs ein murvegg
✦ trur denne adaptasjonen av Little Women kjem til å bli fin (diggar Watson, Ronan og Streep)
✦ kost meg med månadens klassikar, nemleg Det suser i sivet
✦ låne med meg gode bøker og slå av ein prat med mine tidlegare kollegaer på biblioteket
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Her var det mye fint ;) Og jeg blir stadig overrasket over hvor mye av de samme tingene vi liker Silje ♥ Jeg elsker Downton Abbey (har sett på traileren flere ganger), søte kattunger er jo som du vet en stor del av kattelivet, sommerferie til magiske hotell i Sverige var egentlig på planene våre i år, Emmas blogg leses flittig her åsså, og Little Women er kanskje min aller aller viktigste film i jula. Elsker den, rett og slett! Og Agatha Christie har vi snakket om før ;)
Som eg skulle ha sagt det sjølv! Er så gøy å finne folk som liker mykje av dei same tinga som ein sjølv :D Kjempekjekt å lese bloggen, kommentarane dine, og eg diggar at du skruv denne kommentaren om kattar, Agatha Christie, "Downton Abbey" med meir! Hi, hi! God helg, fine deg <3
♥♥♥
♥♥♥ rett tilbake!
Legg igjen ein fin tanke