Sakna å ha på meg bunaden i fjor, for då var me jo i Canada. Men no er endeleg dagen her, bunaden er på, sola skin og om ikkje altfor lenge skal me til eit venepar for å ete god lunsj og vere saman med mange fine folk. Hipp, hipp hurra og gratulerer med dagen, alle saman! God 17. mai!
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så nydelig du er i bunad Silje <3 Jeg er nok over gjennomsnittet interessert i bunader, men denne kjenner jeg ikke til. Hvor er den fra? Gratulerer med dagen og håper dere koser dere masse i godværet ;) Hilsen oss som venter på sola.
Takk, fine deg <3 Kan tru eg sakna den i fjor! Det er ein grafferbunad (grafferdrakt) frå Gudbrandsdalen. Mormor sydde den til sitt eige bryllaup, og den er sekstifire år i desse dagar :) Veldig glad i den! Ønskjer dykk ein flott 17.mai sjølv om sola lar vente på seg! :D
Oi, så heldig du er som har arvet en SÅ fin bunad! Og det at mormoren din har sydd den og giftet seg i den gjør den jo ekstra spesiell <3
Bunaden er verkeleg noko av det finaste eg har <3
Legg igjen ein fin tanke