1. feb. 2019

Lita helsing frå sofakroken hos svigers

Og sånn går dagane her på Sunnmøre. Me drikk kaffi om morgonen og til lunsj og te om kvelden. No og då tar me oss tid til å klappe katten. Fine Jeremias. Han byrjar å bli ein gammal pus, og no når det er såpass kaldt ute, liker han best å liggje inne, ete litt og berre slappe av.


På onsdag var me ein tur innom Kyrkjetorget – ingen Sunnmørstur utan eit besøk til bruktbutikken. Eg fann ikkje noko å ha med heim, men det gjer ikkje så mykje, halve moroa er jo å gå rundt og titte. Fekk ordentleg tilbakeblikk til barndommen då eg såg den fyrste Harry Potter-boka liggje framme i ei eske med bøker. Tenk å kunne lese den boka for fyrste gong igjen. Nokre artige lamper og eit servise måtte eg også ta ein ekstra titt på. I morgon tar me forresten å byrjar på heimvegen: då blir det Hurtigruten til Bergen og vidare med Fjord Line til Stavanger på måndag.


Ute sit meisane på ei grein, for ute i hagen får dei mat. Sola skin inn i stova og lager dei flottaste skuggane. Og eg les i ei bok medan eg innimellom ser ut på den vakraste utsikta eg aldri blir lei.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Jeg gleder meg jeg skal lese Harry Potter for babyen min for første gang. Håper bare det faller i smak, hehe. Så fine lamper! Artig å gå og se i bruktbutikker, selv om man ikke ender opp med å kjøpe noe. Håper dere koser dere på Sunnmøre!

Silje sa...

Skjønner godt at du gleder deg til det (og eg trur den kjem til å falle i smak). Synest sjølv dei lampene var litt kule, men veit ikkje heilt kor me skulle ha hatt dei i heimen, eller i bagasjen ;) God laurdag, fine deg <3

Legg igjen ein fin tanke