25. feb. 2019

Gjennom togruta ein vinterdag

Har du hatt ein fin måndag så langt? Eg har lese, sett litt på Downton Abbey og kom plutseleg på at mars snart er her. Den fyrste vårmånaden. Snøklokkene har allereie byrja å poppe opp og ute varmar sola meir og meir. Tok desse tre bileta med mobilen då me skulle frå Lysaker til Åndalsnes for ein snau månad sidan. Soloppgangen på ein av togstasjonane, den blå himmelen, sollyset og den kvite snøen, tjukk som eit teppe. Eit lite stykke vintermagi,  sett gjennom eit togvindauge.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Maria sa...

Elsker Downton Abbey :-) Var lei meg da serien var slutt - haha :-)
Togturer virker så fint. Vi skal ta toget i slutten av mars. Jeg og guttungen. Men bare fra Gardermoen inn til Oslo. Han gleder seg veldig. Han har ikke tatt mye tog i livet. Vi er miljøverstinger og flyr... Blir fort sånn de stedene vi skal. Men nå er det jo ikke så ofte vi reiser så langt heller da. :-)

Silje sa...

Hi, hi, eg hugsar også kjensla av å vere trist fordi serien var ferdig. Kjekt å kunne sjå den om igjen, for eg synest framleis den er like god. Som eg har nemnt før, så prøver me jo å fly minst mogleg i år. Ikkje alltid like enkelt, eg skal innrømme det. Men me ønskjer å få det til, og så liker me å ta toget i tillegg ;)

Legg igjen ein fin tanke