11. feb. 2019

Sundagstur i landlege omgjevnadar

Gjekk ein god tur i går. Litt kaldt var det, men sola skein for det meste og det var ein perfekt, liten sundagstur i midten av februar. Me hadde tenkt å gå ein annan tur, så kameraet blei ikkje med. Hadde eg visst at me kom til å ta turen oppom Ullandhaug økologiske gård. For der var det liv, særskilt blant hønene, hanane og kalkunane. Nokre av dei var ute på vift og eg liker spesielt godt skiltet: "Kjør forsiktig! Høns leker". Og så snøklokkene – så himla fine! Kanskje litt tidleg, for mars og våren er her ikkje heilt ennå, men den er no i alle fall på veg. Vårteiknet over alle vårteikn!

Legg igjen ein fin tanke