10. feb. 2019

Litt om badet og elles ei bra sundagsliste

Mesteparten av denne veka har me vaska og pakka ut, rydda og vaska litt meir. Då me kom heim på måndag, var badet vårt ferdig. Eller, så å seie ferdig; me må hengje opp eit par knaggar, ein dorullhaldar, ei hylle og eit par bilete. Så blogginnlegg om baderomoppussinga får komme littegrann seinare. Men nøgde er med, ingen tvil om det! Handverkarane hadde rydda opp etter seg, men det var komme mykje støv i heile leilegheita etter at dei hadde sparkla, og det er difor me har vaska som berre det i løpet av veka. Kjekt å reise med danskebåten på måndag, og det var også kjekt å vere på orkesterøvinga på tysdag. Bøker og kaffi slår heller aldri feil, og året har byrja bra med tanke på lesegleda. I dag gjekk me ein akkurat passe sundagstur der me blant anna var oppe på Ullandhaug og titta på dyra ved den økologiske garden: kalkunar, høner og grisar. Flott der oppe! Skal no sjå nest siste episode av Les Misérables, og i morgon er det plutseleg ein ny måndag:

✦ sniktitt på badet vårt, eg absolutt diggar tapetet me har på to av veggane
✦ Sundance-festivalens podcast med "John Nein: The Little Movie That Could" som altså er Once
✦ måtte humre då eg såg denne fuglen som syng på temaet frå Pirates of the Caribbean
✦ boka The Tales of Beedle the Bard (og då særskilt The Tale of the Three Brothers)
✦ 15 flotte Mary Poppins-sitat
✦ ikkje skjedd så mange endringar frå januar, men kanskje er det hakket grønare når mars kjem?!
✦ lo også av denne med mange tabbar frå fyrste sesong av Brooklyn Nine-Nine – så artig serie
✦ sjå vidare på Les Miserables
✦ gode bøker som ligg og ventar på meg
✦ små, søte kaninar, grisar og piggsvin
✦ sundagstur opp til Ullandhaug og den økologiske garden
✦ eit nytt bokmerke med namnet mitt på, funne på Etsy hos Katie Kim Studio
✦ og dette lille sjarmtrollet av ein kattepus
✦ lunsj med ein tidlegare kollega hos Jordbærpikene
✦ vil jo aldri bli det same som å lese ein original Christie-bok, men liker likevel Hannahs Poirot
✦ les denne om folkehøgskular og kva tyding ein slik skule har for ungdommane
✦ dei blå fargane og mønstera på eit bord og på teppet om bord på Fjord Line
✦ 10 tips til ein grønare kvardag, kjempebra og mange gode forslag, skrive av fine Synne
✦ mange vakre fargar og mykje inspirasjon i strikkebok Strikk i dine farger

Legg igjen ein fin tanke