4. feb. 2019

Med tog mellom Lysaker og Lillehammer ein vintertysdag

I løpet av dei siste dagane har me brukt mange av døgnets timar på båt. Eg har tatt nokre bilete med mobilen, og eg tenkjer å poste eit innlegg seinare i veka med siste rest frå turen vår. No i kveld derimot blir det seks bilete frå Nikon-kameraet, bilete som eg tok me sat på toget på veg frå Lysaker til Lillehammer. Ute var det kaldt, det var sol og vinterlandskap. På vatna var det is, himmelen var knallblå, me køyrde forbi eit par landlege hus som var omringa av snøen – gule, raude og kvite hus – og sola skein så flott på trea. Solskin og den kvite snøen, så lyst og godt, eg er glad for at me no går mot lysare tider. Trass i at me måtte ta buss for tog på strekninga Lillehammer-Åndalsnes, hadde me ein fin tur med toget fyrste del av reisa. Vinterlandskap langs nok ei togrute. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Maria sa...

Dere er så flinke å reise rundt i Norge. Kjekt å se både på blogg og Instagram :-) Jeg har lyst å se mer av Norge, men det blir liksom aldri noe av turer innenlands... :-/

Silje sa...

Når ein har slekt rundt omkring i landet, er det enkelt ;) Og så prøver me å fly minst mogleg i år, og då er det enklast å reise innanlands eller til Sverige, Danmark eller nærliggjande land. Kan varmt anbefale Noreg :)

Legg igjen ein fin tanke