20. feb. 2019

Klassikar treng lesar

Kvar månad skal eg prøve å lese ein klassikar (og ei Agatha Christie-bok, men det er ikkje det eg skal skive om no i kveld). Eg veit eg har nemnt det allereie, men det som er greia er at eg ikkje har bestemt meg for kva klassikarar eg skal lese. Nokre har eg sett meg ut, som Persuasion av Jane Austen. Her heime har me ein liten haug med klassikarar, men dei fleste av desse har eg allereie lese (vel, sjølv om Undsets Kristin Lavransdatter ligg i hylla og eg prøvde meg på den i fjor, så kom eg ikkje så veldig langt). Bøker som De elendige og Greven av Monte Cristo er favorittar, men eg ønskjer jo å lese andre bøker enn det eg har lese før. Eg tar difor i mot forslag frå deg. Har du ein klassikar du tenkjer eg berre lese?! Legg igjen ein liten kommentar under innlegget då vel.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Maria sa...

Har tenkt å lese Anna Karenina... Når jeg er ferdig med skatteretten og pengekravsretten :-P Haha

Silje sa...

Den har eg ikkje lese, så den kan eg jo kanskje ta ein titt på :D

Legg igjen ein fin tanke