5. feb. 2019

Vink til ein ny månad v2

Tilbake i Stavanger igjen. Nesten litt rart å vere ein stad der det ikkje er snø, før både på Langhus og Sjøholt var det kvitt overalt. Ja, til og med i Bergen såg me nokre haugar med snø no i helga. Me hadde jo litt snø her i midten av januar, men null niks no. Og no er me faktisk i gong med februar, og det er på tide med nye bilete i samband med årsprosjektet mitt. Lite endringar å spore mellom desse to månadane, einaste er at benken har blitt flytta på, berre littegrann, at det i dag er noko gråare ute enn då eg tok bileta i januar. Elles blir det orkesterøving i kveld, noko eg ser fram til.

Legg igjen ein fin tanke