8. feb. 2019

Vestlandstur gjennom mobilen

Siste rest, i alle fall nesten, frå vår lille reise. Alle bileta er tatt med mobilen, for det er innimellom mykje enklare enn å ta fram spegelrefleksen, særskilt når det "berre" er eit bilete eller tre sånn i farta. Eg liker jo aller best å ta bilete med systemkamera, men av og til får mobilen duge. Den der utsikta hos svigers, den viser seg frå si beste side så å seie kvar gong me er der; sjekk ut lyset på det andre biletet! Fekk litt kvalitetstid med besteste Jeremias før me drog til Molde laurdagskveld og tok Hurtigturen vidare til Bergen. Overnatta i lugar og hadde god frukost dagen etterpå. Diggar at dei har nokre bokskap ståande rundt omkring, så viss ein plutseleg er tom for bok, er det berre til å finne ein her. Vel framme i Bergen var det strålande sol og knallblå himmel, ein strålande vinterdag med andre ord. Me budde hos ei kusine av mannen min, og i heimen hennar bur også Frøya, ein ordentleg fin og spraglete katt. Utpå dagen på måndag, tok me altså fatt på siste strekninga heim, og den tok me med danskebåten. Stilig interiør på den eine kaféen, og ikkje så langt unna Bergen tok eg bilete av Bjorøy. Ho eine veninna mi bur der, og eg sende ho biletet. Tilfeldig nok, eg hadde klart å ta bilete av huset der kjærasten si mormor budde. Om bord i båten slappa me av og las mykje. Det var lite folk ein måndag i kalde februar, og me synest begge det var ein veldig behageleg måte å reise på. No er det helg igjen. Ute regnar det, men eg tar snart fram ei bok, då blir det bra.

Legg igjen ein fin tanke