28. juni 2017

Junibacken på Djurgården

Ein av mine kollegaer anbefalte meg å besøke Junibacken ute på Djurgården då me var i Stockholm. Verken mannen min eller eg hadde høyrt så mykje om Djurgården, men det er jo der blant anna Vasamuseet ligg. Det enda med at me var der ute neste heile sundagen, og då blei det eit besøk på Junibacken. Junibacken er eit opplevingssenter og museum med fokus på barnelitteratur og då særskilt på Astrid Lindgren, perfekt for ein som har lese bøkene hennar eller sett filmane. Senteret hadde tjueårsjubileum i fjor, og namnet kjem frå (den fiktive) garden der Marikken budde.


Når det gjeld kven som var mest gira, var det nok meg, så medan eg betalte for å komme inn slik at eg kunne reise med Sagotåget, slappa han av med ein kopp kaffi. Sagotåget er noko av det ein kan oppleve, og det er altså eit tog (eller meir som enkeltvogner på ei skjene) som tar oss gjennom Astrid Lindgren si verd med miniatyrfigurar, små hus og landskap. Marit Törnqvist står bak scenografien, og eg må seie at det var som å dykke rett ned i Lindgrens bøker og filmar. Før vogna tok meg av garde, fekk eg velje kva språk eg ville høyre, for i kvar vogn er det ein høgtalar med ein stemme som tek deg gjennom stad for stad. I etterkant burde eg nok ha valt svensk – det er nemleg Lindgren sjølv som snakkar. Men, men. Fyrste stopp var Marikken og etterpå var det til Katthult og Emil. Ida hang i flaggstonga og Emil låg i snikkarbua. Mange små detaljar, alle så livaktige.


Det var natt i Stockholm då vogna tok meg til lillebror og Karlsson på taket. Inne hos Karlsson var det ganske så rotete, så der ville me ikkje vere lenge (det var omtrent det som blei sagt i høgtalaren, og eg synest det var litt artig). På bilete nr. to kan ein sjå eit slags vitrineskap og ei form for dør. Midt i mellom er det ein sprekk, og plutseleg opna den seg og eg blei ført gjennom og vidare til Ronja Røvardottar, både ute i skogen og ved Mattisborgen. Eg var heilt med gjennom heile turen.


Siste stopp på turen var hos Kavring og Jonatan. Fyrst det brennande huset, deretter Kirsebærdalen i Nangijala. Og ja, Katla er framleis skummel. Idet Kavring sa "Ja, Jonatan, ja, jag ser ljuset", var turen plutseleg over. Lettrørte meg sat der med nokre tårer i augekroken.


Før eg traska ut for å finne mannen min, titta eg innom Villa Villekulla. Tenk å vere barn og få leike her. Stakk også innom butikken der dei sel både bøker, T-skjorter, koppar og andre ting frå Lindgren si verd, Tove Jansson og andre kjente barnebokforfattarar frå Norden. Eg klarte å la vere å kjøpe med meg ein haug med bøker (eg har jo det meste eg treng og har lyst til å lese på jobb), men nokre postkort med fine motiv blei med meg heim i sekken. Eit vellykka besøk på Junibacken.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Unknown sa...

Åååh, det ser jo helt fantastisk gøy og flott ut. Ble skikkelig glad av å lese dette, jeg :D

Silje sa...

Kjempefin oppleving både for liten og stor! Vil absolutt anbefale å ta turen innom Junibacken om du er i Stockholm ein gong :) God helg!

Legg igjen ein fin tanke