12. juni 2017

Vasaskipet

Heisann! Har du hatt ein bra start på den nye veka? Det håper eg. Her har det vore ein grei dag med kaffi, jobb, ein bitteliten handletur på butikken og eg har fått gjort eit lite prosjekt som eg har tenkt på ei stund – mao. ein start på veka etter min smak. Sundag for to veker sidan var me ute på Djurgården der me blant anna var innom Vasamuseet for å sjå Vasaskipet. Tok eit bilete rett før me gjekk inn, eit bilete som viser noko om kor stort skipet eigentleg er sidan masta stikk opp av taket.


Eg trur ein må ha vore på museet for å skjønne storleiken på dette skipet. Vasa er det einaste skipet frå 1600-talet som er vel bevart. Etter ein konstruksjonsfeil (for mange kanonar gjorde skipet ustabilt), søkkte skipet på sin jomfrutur 10. august 1628 etter berre tjue minutt. Fyrst i 1961 blei Vasa heva etter at Anders Franzén fann skipet fem år tidlegare. I tillegg til å sjå sjølve skipet, kan ein lese om bygginga av skipet, om forliset og alt ein ønskjer å vite om Vasa. Eit par filmar blir også vist, og hadde det ikkje vore for at me byrja å kjenne oss slitne i både føter og hovud (museet var nemleg siste stopp før middag), hadde me nok studert både skipet og infoplakatane nøyare ;)


Å kunne sjå mindre modellar av originalobjektet, synest eg er interessant sidan det ofte tilfører ekstra informasjon. For min del er det av og til lettare å kunne studere detaljar når du får det rett foran deg og det ikkje er så himla svært (men det må jo så klart ikkje vere altfor smått heller).


Klokka var vel nærmare fem då me til slutt følte oss ferdige for dagen; me var som nemnt slitne og me byrja også å kjenne at no var det på tide med noko varm mat. Men det er likevel ingen tvil om at ein tur til Vasamuseet (og ikkje minst heile Djurgården) er eit must når ein fyrst er i Stockholm.

Legg igjen ein fin tanke