11. juni 2017

Ei vanleg veke som gjekk ganske fort

Kanskje ikkje så mange bilete frå denne veka, men slik er det av og til. Godt å la kameraet liggje og berre la dagane gå forbi utan å dokumentere kvar minste bit. Kva har eg så gjort denne veka? Eg kjenner eg må tenkje meg om, for dagane går fort sjølv om det ikkje skjer noko særskilt nytt eller spennande. Eg har vore på jobb, fått unnagjort ein del ærend før me reiser, bokprat på Sølvberget, lesing og tur. Med andre ord ei ganske vanleg veke. Kvardagar er eigentleg veldig fine, og det er dei det er flest av. Sundagen er snart over, ei ny veke er i anmarsj og det same med sundagslista:

✦ ein ekstra fridag der me gjekk ein tur, slappa av og fekk gjort endå meir på kjøkkenet
✦ fin bokryggpoesi
✦ heile tretten riktige på Dag og Tid-quizen
✦ Jonna som nettopp var i Lofoten viser desse vakre bileta av midnattsola
✦ skrive lappar til minneglaset
✦ to Harry Potter-relaterte saker: ei om kvifor Hermine er den beste og ei med sytten forskjellige bokomslag av den fyrste boka i serien
✦ knallgod mørk sjokolade med eit hint av lime
✦ byrje å pakke til Interrail-turen, for me reiser jo på torsdag
✦ rhododendron i knallsterke fargar langs jobbvegen min
✦ ein katt som møter ein kanin (tihi, berre sjå så søte og rare)
✦ lage noko i samband med junitemaet gjenbruk i skaparuftordringa Monthly Makers
✦ 10 fine og superbra tips om det å kunne leve meir i ro, ikkje stresse, inne hos Julianne
✦ vere på bokprat med Anders Vaa om Dialektboka (som forøvrig vann pris for Årets utgjeving)
✦ rørande å sjå denne videosnutten av ei som syng så vakkert sjølv om ho har mista høyrsla
✦ sjå animasjonsfilmen 101 dalmatinere
✦ ein ny Crosswalk the Musical, denne gongen Mary Poppins – ha, ha, James Corden, altså
✦ få på plass ei hylle på kjøkkenet (sniktitt på biletet over); no er me verkeleg snart ferdige
✦ Synne sine "33 life lessons from my first three decades of living"

Legg igjen ein fin tanke