19. jun. 2017

Dørskilt av gjenbruksmateriale

I juni har det vore ønskereprise når det gjeld temaet i skaparutfordringa Monthly Makers. Temaet blei, etter avstemming, gjenbruk og det passa meg perfekt. Då me byrja å pusse opp kjøkkenet, fann me nemleg nokre treplankar oppå eit av kjøkkenskapa. Visste ikkje om me kom til å bruke dei til noko fornuftig, men me kasta dei ikkje med ein gong. Med temaet gjenbruk fann eg ut at eg kunne bruke noko av den eine planken til å lage eit enkelt dørskilt, for sjølv om me har budd her i over to og eit halvt år, har me ikkje hatt noko skilt på døra (anna enn eit enkelt klistremerke). Eg saga av ein passeleg bit, pussa kantane og spegla orda som skulle stå på skiltet før eg skreiv det ut. På denne måten kunne eg føre det over på planken med blyant og matpapir. Beisa planken med den grøne oljebeisen som me brukte då me fiksa senga. Til slutt fann eg fram nokre nøklar som me ikkje bruker (endå meir gjenbruk), spraya dei med litt sølvspray, limte dei på og voila – eit ferdig dørskilt! Bora hol og trædde ei snor gjennom. Einaste som gjenstår er å hengje skiltet på døra vår :)

7 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa - La Mar sa...

Så fint med gjenbruk :)

Du bør sjekke ut giveawayen på bloggen min, den er i samme ånden!

Silje sa...

Takk, Luisa – gjenbruk er alle tiders! :Då

teabooks sa...

Stilig! :D

Lena sa...

Fint skilt!
Hvorfor kjøpe når man kan lage selv!

God sommer fra
Lena // Wonderwood

Silje sa...

Ida og Lena: Takk for herlege kommentarar :D

Mikaela sa...

Superfint som vanligt! Snyggt med nycklarna på skylten med!

Silje sa...

Tusen takk for superduper kommentar, Mikaela! :D

Legg igjen ein fin tanke