7. jun. 2017

Små gleder ein grå onsdag

I Stavanger er det grått ute i dag – det er varmt, men vått og grått. På slike dagar er ikkje alltid energien på topp, og det gjer litt ekstra godt å ta fram fine minne. Mummikortet fann eg på Junibacken ute på Djurgården og eg visste med ein gong at mannen min skulle få dette kortet på bryllaupsdagen. For dei to på kortet kunne ha vore oss ;) Og rosene som me fekk av mamma og pappa er nesten endå finare no når det har gått ei veke. To små, men fine ting på ein grå onsdag.

Legg igjen ein fin tanke