18. jun. 2017

Rosendals Wärdshus

No når dette innlegget blir publisert, sit me kanskje på toget på veg til Praha. Men sundag for tre veker sidan (allereie) åt me lunsj på Rosendals Wärdshus ute på Djurgården. For ein stad med dei vakraste trea i full blom! Vêret var på sitt aller beste, og det var herleg å berre slappe heilt av.


God mat og drikke i eit veldig godt selskap under dei finaste trea. Og når ein er inne på det med godt selskap: min betre halvdel har bursdag i dag! Så kjære, besteste mannen min – gratulerer så mykje med dagen! Eg er så glad for at du er ein del av livet mitt og eg håper at dagen i dag blir super, akkurat slik ein bursdag skal vere. Eit kakestykke, kaffi og ei lita gåve, det fortener du 


Ikkje berre var blomane på trea nydelege og i full blom, rundt oss på alle kantar såg me blomar i alle fargar. Tenk å kunne stikke innom her for lunsj eller berre ein kopp kaffi kvar dag?! Idyll.


Klarer ikkje å sjå meg mett på slike bilete som dette. Rosendals Wärdshus, og også Rosendals Trädgard som ligg rett ved (me stoppa der for ein is), er stadar eg fint kunne ha besøkt igjen.

Legg igjen ein fin tanke